Heimebanefest 2022
i bilder og video

Her finn du bilder og videoklipp frå Heimebanefest 2021 og 2022.

 
 
 

© Jon Forberg

Biltreff og konsert med Hagle og Crashville

Ein dag heilt utanom det vanlege i Ulsteinvik. Laurdag 2. juli var festivalplassen full av alle salgs bilar, det vart linedance, kåringar og konkurranser. Dagen blei avslutta med konsert, der Crashville (Ørsta) og Hagle gjesta scena.

Sjå stemningsvideoen frå biltreffet og konsertkvelden her.

 

SUPERBUSSEN

Laurdag 25. juni fekk Ulsteinvik besøk av NRK Super, Fantorangen, Margrete og Matias. Det blei både innslag frå NRK Super, Newton, slim-eksperiment og BlimE-dansen.

Sjå videoen frå BlimE-dansen til høgre (filma frå kl.13-showet. Det var også eit show kl. 11 tidligare på dagen).

 

JONSOK

Torsdag 24. juni 2022. Gratiskonsert med Fjøresteinane. Bålpanne og grilling på festivalplassen

 

BOKBAD

Med Tonje Frøystad Garvik: “SKEIV: Den indre kampen”.

Torsdag 30. juni var det bokbad i festivalteltet, der barndomsvenninda Silje Urke Antonsen intervjua Tonje om den nye boka hennar SKEIV, den indre kampen. Den lokale presten i Ulsteinvik, Mirjam Håland Igland innleda bokbadet med nokre eige ord om kjærleik.

 

BOKCAFÈ OG KRIGSHISTORIE

Bokkafé i festivalteltet: Denne ettermiddagen fekk vi høyre både publiserte og ikkje publiserte historier frå Ulstein v/John Osnes om «dei oppi Gjerda», garden der han vaks opp. I samtale med John var vår eigen, lokale barnebokforfattar, Ingunn Røyset også. Ho er opptatt av å formidle krigshistorie til ein ny generasjon - og fortalte historier frå bøkene sine, og om prosessen med å skrive dei og innehente lokale historier.