Dette må du vite

Vårt mål er at du skal føle deg trygg på Heimebanefest. Du skal ikkje utsettast for unødig smitte eller ubehag, og vi skal legge til rette for at du sjølv kan få gjere dei rette valga for deg og dine.

 

Vi er i fase 3 av myndigheitenes plan for opning av samfunnet, og må rette oss etter dei smittevern-reglane som gjelde.

Derfor denne lista over tiltak og bruksanvisning for korleis ting vil fungere:

 

Bytte billett

*For å unngå kø ved inngangen til festivalområdet, må alle bytte inn sine billettar til festivalband.

*For konsertene 13. og 14. august kan dette gjerast på festivalkontoret i 2. etasje på Blåhuset kjøpesenter frå onsdag 11. august. 

*For konserten med TIX onsdag 18. august, kan du bytte din billett fra om med mandag 16. august på festivalkontoret.

*Du vil i tillegg få eit armband med farge som identifiserer kva kohort du tilhøyrer.

 

Korona-test

*På konserten med TIX onsdag 18. august må alle enten gjennomføre hurtigtest, fått minst ei vaksine minimum tre veker før konserten eller ha vore smitta av korona i løpet av dei siste 6 månadane.

*Det blir gratis hurtigtest for dei som ikkje har koronapass. Denne blir gjennomført på aktivitetshuset på Vikholmen ved festivalplassen frå klokka 10 til ca klokka 17 den same onsdagen.

*Det blir sendt email eller sms til alle om aktuell tid for hurtigtest. Det blir også anledning til drop-in test. Det blir oppgitt eit telefonnummer der du kan få kontakt med oss.

*Alle som har fått negativt svar på koronatesten, eller har gyldig koronapass, vil få et grønt armband som dokumenterer dette. Dette får man tildelt i eit eiga telt ved inngangen på festivalplassen ved å vise korona-testen eller korona-passet..

*For å unngå kø av gjestar må alle på førehand skaffe seg dette grønne korona-båndet. Teltet skal vere godt merka, og vil vere ope frå klokka 10.00.

*På konsertane fredag 13. og laurdag 14. august vil det ikkje vere krav om korona-pass eller hurtigtest. 

*Det vil vere eigne inngongar for kvar av kohortane, som er godt merka.

 

Parkering

*Vi håper alle frå nærområdet lar bilen stå heime, om dei kan. 

*Vi søker om løyve for at tilreisande skal få bruke parkeringsplassane ved Ulstein Verft og Kongsberg Maritime etter endt arbeidstid fredag og onsdag, samt laurdag. Parkeringshusa ved Ulstein Arena og Bjørndalsvegen Park vil ha utvida opningstid.

*Unngå å parkere på vegskuldre der du er til hinder for annan trafikk og ferdsel.

 

Festivalplassen

*På konserten med TIX onsdag 18. august vil det vere ståplassar, inntil 500 i kvar av kohortane. Det vert ikkje seld alkohol på TIX-konserten som er eit rusfritt arrangement.

*På konserten med Maria Mena, Chris Holsten fredag og Hellbillies laurdag, vil det vere sitteplassar til alle. Det vil vere kohorter med inntil 200 i kvar. Alkohol må bestilles ved bordet.

*For å handle mat frå festivalmenyen til Kock’n Roll, vil kohortane vekselvis få tilgang til matvogna – som har to portar for ekspedering. Det blir gitt nærmare informasjon på staden.

*Det er eigne kohort-avdelingar for toalett.

*Det er ikkje tillatt å ta med seg gjenstander på festivalplassen som våpen, paraply, stol, medbrakt mat eller drikke eller gjenstandar som kan vere farlege.

Previous
Previous

Sikre deg billett til Earlybird-pris!

Next
Next

Fire dagar med E-Sport