Hellbillies til Heimebanefest

Preview of two OtroQuest branded t-shirts in merch store

Hellbillies er klare!

Hellbillies har vunne det som er av prisar, er eit av Norges mest populære band og har i meir enn 30 år reist landet på kryss og tvers for å gje publikum dei næraste og beste opplevingane.

No kjem dei endeleg tilbake til Ulsteinvik, og spelar til konsert på Heimebanefest laurdag 14. august.

Hellbillies har vore ei rekke gongar på Sunnmøre og spelte sist i Ålesund i fjor vinter på sin jubileumskonsert, og det er omtrent utseld hus kvar gong dei står på plakaten. 

Hellbillies spelte første gang i Ulsteinvik for 20 år sidan, og var tilbake i 2013.

Sidan dei skapte Hellbillies-ramma i 1990, har dei gitt ut 15 album, vunne Spelemannsprisen to gongar, blitt kåra til Årets Spelemann, fått Alf Prøysens Ærespris, Norsk Artistforbunds Ærespris og er på en eksklusiv liste over de som har mottatt Gammleng-prisen.

Etter at dei la vekk engelske tekstar og cover-låtar på starten av 90-talet, har Hellbillies vore ei av dei mest framståande norske band som syng på dialekt. Dei har høsta stor suksess med sine lyriske beskrivelser av kvardaglige observasjoner på hallingdialekt, og musikken deira har treft mange.


Aslag Haugen var også en av sju artistar som var med på TV2-serien «Hver gang vi møtes» i fjor, der han delta tida saman med mellom anna Frida Ånnevik og Chris Holsten.


I februar i fjor slapp Hellbillies ut en eksklusiv EP-vinyl "I Eksil på Sundrehall" som inneholder 4 nye låter fra det kommende albumet. Slippet var planlagt som innledningen til den store 30-årsfeiringa, som blei amputert på grunn av den pågåande pandemien.

Av dei 25 singleplatene dei har gitt ut, er det mange som står høgt på lista, men dei mest kjente er nok «Mørkemann», «Ei krasafaren steinbu», «På Ål stasjon», «Den finaste eg veit», «Reise i lag med deg» og «Søvnlaus». Den siste var også med på albumet av same namn (2016), som saman med konsert-albumet «Levande LIVe» ble gitt ut på eige selskap.


Når Hellbillies spelar på Heimebanefest laurdag 14. august er det med sitt vante mannskap, med Aslag Haugen (vokalist, kor, gitarist, låtskriver), Lars Håvard Haugen (lead-gitarist, vokalist, kor, bandleder, produsent), Bjørn Gunnar Sando (trommer), Lars Christian Narum (tangenter) og Egil Stemkens (bass).

Billettar blir lagt ut på Tikkio.com laurdag 5. juni kl. 09:00.

Previous
Previous

TIX til Ulsteinvik

Next
Next

Chris Holsten med retur til Ulsteinvik