Konsertprogrammet er klart

Fyrverkeriet Silya & The Sailors kjem tilbake til Heimebanefest i Ulsteinvik i juni, og kompletterer ei artistliste som inneheld namna DDE, Metteson, Trygve Skaug, Melody Market og Holy Ghost Band.

No opnar vi også for billettsal av dagpass, etter at salet av helgepass til lanserings-pris vart utseld på kort tid. Dagspass blir tilgjengelig fredag 17. februar kl. 09:00

Fyrverkeri

Vi er kjempestolte over å kome med ei så fin liste med artistar. Det har vore kjent ei stund at DDE, Trygve Skaug og Metteson skal spele på Heimebanefest 2023, og med dei tre kanon-namna åleine vil Heimebanefest vere ei arena for musikale fyrverkeri og skape ei feststemning vi sjeldan får oppleve på våre kantar. 

Medan DDE ofte er nemd som Norges beste liveband og får stemninga til å gå i taket uansett kvar dei spelar, vil Metteson by på seg sjølv i eit show som du sjeldan får oppleve av norske artistar. Metteson er ei gåve til Sunnmøre og Ulsteinvik, som er hans andre heimplass. 

Vi veit vi at veldig mange av dei som opplevde Silya i fjor, var henrykte. Ho var rett og slett eit fyrverkeri på scena, og er utvilsamt ein av Norges beste solistar.

– Hugo Antonsen i Heimebanefest.

Live

Silje Nymoen, som er namnet bak artisten Silya, er ein av Norges sterkaste live-artistar og har spelt utallege konsertar med bandet sitt Silya & the Sailors dei siste åra. Etter å ha vigd nesten heile livet til musikk er Silya blitt ein sjeldan kraftfull musikar og låtskrivar, med eit nærvær som bergtek publikum og anmeldarar kvar gong ho opptrer.

Der mykje popmusikk i dag er elektronisk og straumlinjeforma er Silya sin musikk organisk og frigjort. Ho plukkar fritt frå favoritt-sjangarar i musikkhistoria, men om det er soul, rock, jazz eller balkan er føtene alltid godt planta i pop.
Silya sine låtar viser ei enorm kjærleik til blåsarar og heftig rytmeseksjonar, sjølv om ho oftast bruker ukulele når ho skriv songane sine.
Bandet The Sailors består av trommer, bass, gitar, trompet og to tromboner.

Lokalt band

I tillegg er trønder-bandet Melody Market signert; - men det er lite som minner om trønder-rock frå bandet som ofte blir omtala som Norges beste cover-band. Det trioen presenterer på scena er ikkje mindre enn imponerande, både instrumentalt og vokalt. Dette håper vi at folk får med seg!

Melody Market består av trioen Stig Nergård, vokal og gitar, Anders Nergård på trommer (ikke i slekt med Stig) og Åsmund Evja Eikill på bass.

-Og sist men ikke minst, er vi veldig glade for å kunne presentere eit lokalt band i år også. Fredagskvelden varmar Holy Ghost Band opp for Trygve Skaug og Silya. Dei er kjende for sin slepne funky stil, der dei spelar cover-låtar inspirert av mellom anna Randy Crawford, Seawind, Dire Straits, Santana, Pink Floyd og eigenprodusert musikk. I Holy Ghost Band finn du Mari Ann Vattøy og Einfrid Grindheim på vokal, Herman Klungsøyr, gitar, Magne Grimstad jr., bass, Hans Olav-Vattøy, trommer, Åge Grimstad, perkusjon og Peter Demirov, keyboard. I tillegg har dei med seg blåserekka Las

Next
Next

Dato for 2023 er satt!