Metteson

Dato: Laurdag 17. juni 2023
Stad: Festivalplassen, Ulsteinvik
Kjøp helge- eller dagspass her

Metteson, hjertebarnet til multikunstnaren Sverre Breivik, starta karriera med å bli peika ut som årets nykommar av ein samla norsk musikkbransje, tildelt årets Stjerneskot under by:Larm og bergta heile landet med fremføringar av singelen «Under Your Shirt». Sidan har han slept EP’en «Convince Me» og turnert inn- og utland heile 2022. Noko som blei avslutta foran 6.000 publikummarar i eit stappfullt Sirkus under Øyafestivalen i august.

Vi trudde vi skulle signere Metteson til Heimebanefest i 2022, men vi «mista» han til den mykje større festivalen Malakoff i Nordfjordeid. I år er han imidlertid på plass, noko vi sett umåteleg stor pris på!

Metteson er nyleg nominert til Årets Artist, saman med blant andre Karpe, av kulturavisa Subjekt. Ein konsert med Metteson er like intenst rørande, som det er overveldande og personleg. Saman med dei anerkjente produsentane Matias Tellez (girl in red) og Vetle Junker (Aurora) lagar Metteson musikk for dansegolvet, og er like inspirert av teateret, som han er av Perfume Genius, ABBA, Frank Ocean, Robyn og Christine and the Queens.

Metteson sitt etos handler om å sette melodien i fokus, skape hymnerisk friheit og finne “viljen” til ein song. Dette har leia til popgull, klart for eit internasjonalt publikum.  

Multi-kunstnaren Sverre Breivik er fødd og oppvaksen i Moss, medan faren, Roar Breivik, er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik.

Previous
Previous

D.D.E