D.D.E

Her blir det liv!

Dato: Laurdag 17. juni 2023
Stad: Festivalplassen, Ulsteinvik
Kjøp helge- eller dagspass her

D.D.E. er kjend som Norge sitt festband nummer ein, som sist sommar reiste rundt i store delar av landet med «Sirkus D.D.E.» til fulle hus over heile fjøla. Når dei i 2023 forlengar reisa si med sitt fyrverki og publikumsfrieri, legg dei også turen innom Sunnmøre og Heimebanefest.

Heimebanefest har hatt D.D.E. på ønskelista tidlegare, og neste år er dei på plass med heile sitt sirkus. Vi kan garantere at her blir det liv!

I tre tiår har D.D.E. vore ein del av det norske kulturlivet, ikkje berre i tekst og musikk, men også som garantist for stemning, allsong og trivsel. Eit uttal hit’ar, konsertar, solgte plater eller publikum, er blitt til eit turnékart omtrent utan kvite flekkar. Bandet har laga musikk, reist og gjøgla, krangla og vore perlevenner. Dei har spelt seg gjennom historia, frå dei første steg i «After Dark» og til eventyret dei no kan sjå tilbake på.

D.D.E. baud opp til markering av 30-årsjubileum i 2022, og dei har hausta gode kritikkar i sirkus-året landet rundt:

«Om det var nokon tvil om kven som er kongane av Trøndelag, fekk dei vist seg fram i kveld»

(Adresseavisa, terningkast 6).

«..ein må jo nesten vere fullstendig daud i alt av sentralnervesystem om ein ikkje kjenn det rykkjer litt i rockefoten» (Saltenposten, terningkast 5).

«Skamlaust publikumsfrieri og eit fyrverkeri av ein folkeleg maktdemonstrasjon. D.D.E. vant Verket 2022. SJØ!» (Rana Blad).

D.D.E. tar med seg sirkuset inn i 2023. Her bli det liv!!

Previous
Previous

Silya and the Sailors

Next
Next

Metteson