Holy Ghost Band

Dato: Fredag 16. juni
Stad: Festivalplassen, Ulsteinvik
Kjøp helge- eller dagspass her

Vi er veldig glade for å kunne presentere eit lokalt band i år også: Fredagskvelden varmar Holy Ghost Band opp for Trygve Skaug og Silya!

Dei er kjende for sin slepne funky stil, der dei spelar cover-låtar inspirert av mellom anna Randy Crawford, Seawind, Dire Straits, Santana, Pink Floyd og eigenprodusert musikk. I Holy Ghost Band finn du Mari Ann Vattøy og Einfrid Grindheim på vokal, Herman Klungsøyr, gitar, Magne Grimstad jr., bass, Hans Olav-Vattøy, trommer, Åge Grimstad, perkusjon og Peter Demirov, keyboard. I tillegg har dei med seg blåserekka Las Angelitas, kjende frå Feel It; Marlen Hauge Knotten, trombone, Guro Hauge Rovde, trompet og Susann Worren Hauge, saksofon. 

Previous
Previous

Melody Market

Next
Next

Silya and the Sailors