Silya and the Sailors

Dato: Fredag 16. juni 2023
Stad: Festivalplassen, Ulsteinvik
Kjøp helge- eller dagspass her

Silya er ein av Norges sterkaste live-artister og har spelt utallege konsertar med bandet sitt Silya & the Sailors dei siste åra. Etter å ha via nesten heile livet til musikk er Silya blitt ein sjeldan kraftfull musikar og låtskrivar med eit nærvær som bergtek publikum og anmeldarar kvar gong ho opptrer.

Der mykje popmusikk i dag er elektronisk og straumlinjeforma er Silya sin musikk organisk og frigjort. Ho plukker fritt frå favoritt-sjangerar i musikkhistorien, men om det er soul, rock, jazz eller balkan er føtene alltid godt planta i pop.
Silya sine låtar viser ein enorm kjærleik til blåsarar og heftig rytmeseksjonar, sjølv om ho oftast bruker ukulele når ho skriv songane sine. Bandet The Sailors består av trommer, bass, gitar, trompet og to tromboner.

Silya sin pop-sensibilitet gjorde at artistar som den amerikanske stjerna Vanessa Hudgens og australske Vanessa Amorosi brukte Silya sine låtar, men i dag skriv Silya berre for seg sjølv.
Om det ikkje lenger er finpolerte pop-hits, er det musikk med mål om å lage noko ærlig som røsker i magen og treffer i hjertet.

Silya Nymoen vaks opp på Østensjø i Oslo og starta med musikk og dans som barn. Ho har hovedfag i moderne jazz frå Statens Ballethøgskole (KHIO) og var med i fleire streetdance grupper.

Silya var med som dansar og songar i musikalar som Cabaret, Chicago og West Side Story og gjorde suksess som vokalist med den norske hip-pop gruppa Multicyde frå 1998-2002. Dei ga ut to album, hadde tre #1 hits i Norge og turnerte i Skandinavia og Tyskland.

Murlyn Music Group i Stockholm ville ha Silya sitt store låtskrivartalent og signerte henne i 2005 før Columbia Records i New York signerte henne som soloartist i 2006.

I USA skreiv Silya låtar med produsentar og musikarar verda rundt og jobba blant anna i New York, London, Los Angeles og Atlanta. I ei årrekke jobba Silya som liveartist i USA og spelte blant anna fast på "The Living Room”, "The Darby" og "The Jazzroom at The General" i NYC.

Silya si første soloplate ”Peel Away” kom på det amerikanske selskapet Eusonia Records i 2011.

Etter å ha vunne Stjernekamp på NRK1 og nordmenn sine hjerter i 2013 flytta Silya tilbake til Norge. Då det første albumet med Silya & The Sailors , "Unanchored", kom i 2014  fikk det fantastiske kritikkr og etablerte Silya som ein av dei store live-artistane i Norge med konsert og festivaljobbar over heile landet. I 2015 tok ho i tillegg ei stor rolle i musikalen “Sweeney Todd” på Det Norske Teateret,

Silya sin kjærleik til musikk leia ho også til samarbeidet med Det Norske Kammerorkester på Heart, ein del av hennar trippel EP Life - Resolution - Heart  i 2017.

Silya har vore programleiar for MGP N 2015, 2016 og 2018 og imponerte stort i TV2 sitt populære «Hver gang vi møtes» i 2018.

I mars 2019 slapp Silya & The Sailors sin nye EP, «Quantum Bounce», som byr på seks energiske, livsglade, sjelfulle og positive låtar. EPen består av fire flunkande nye spor, samt «Bonafide Sinner» og «Where Love Resides» som kom i 2018. «Quantum Bounce» er ei samling av låtar som har ein positiv og oppløftande energi. Den handler om å ikkje la tøffe situasjonar knekke deg, men heller prøve å snu det om til noko positivt. -Med andre ord så handlar det om å gi litt faen!», fortel Silya.

Previous
Previous

Holy Ghost Band

Next
Next

D.D.E