Gratis korona-test på TIX-konsert

Korona-situasjonen krev at det vert nødvendig med hurtigtest og korona-pass, for å sleppe inn på TIX-konserten onsdag 18. august. Den er gratis for alle som har kjøpt billett.

Dei første 800 billettane er utseld for lengst. Og for å selge fleire billettar må vi gjennomføre test og framvising av koronapass av samtlege som skal inn på konserten. Heimebanefest har no inngått avtale med dei som skal gjennomføre testane.

Dei nye billettane vert lagt ut onsdag 7. juli, og vi veljer å legge ut 700 nye billettar i første omgang. Vert dei utseld, vil vi vurdere å legge ut 500 billettar til.

Det vil ikkje bli seld billettar i døra onsdag 18. august.


Alle som har kjøpt billett vil få beskjed på email eller sms om tid for å ta test i løpet av onsdagen, frå klokka 08.00 om morgonen. Etter 15-20 minuttar vil resultatet vere klart, og alle ned negativt resultat vil få et årmband, som saman med festivalarmband, gjer at ein får inngang til festivalområdet.


Også dei med korona-pass må møte opp, slik at dei kan få sitt adgangsteikn. Sjølv om dei som har tatt vaksine ikkje treng å teste seg, må dei framvise sitt koronapass for å få adgangsteikn.

Dette må gjerast på dagtid i vårt festival/teste-telt på kulturalmenningen på konsert-dagen.

Testane er gratis for alle som har kjøpt billett.

Døra opnar klokka 18.00 og vi ber så mange som mogleg kome tidlleg. På grunn av auka kontroll og krav til skkerheit og adgang til fleire kohortar, reknar vi med at det vil ta lengre tid å kome seg inn enn normalt.

Previous
Previous

Fire dagar med E-Sport

Next
Next

Begge lokalbankane støttar Heimebanefest og Trebaatfestivalen: