Begge lokalbankane støttar Heimebanefest og Trebaatfestivalen:

Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre er begge med som sponsorar for dei to festivalane – i eit år der næringslivet elles har slite med å stille opp slik som tidlegare.

Saman om festivalmoro: Ellen Kvalsund (f.v.), banksjef for personmarknaden ved Sparebanken Møre si avdeling i Ulsteinvik – og Lillian Kleven Breivik, regionbanksjef ved Ulstein-avdelinga til Sparebank 1 Søre Sunnmøre – er glade for at begge bankane støttar Heimebanefest og Trebaatfestivalen i år. Arrangør Line Urke (t.h.) er svært god nøgd med å ha begge lokalbankane med på laget. Banksjefane hadde også på seg kvar sin nylaga festivalgenser for anledninga. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet/Vestposten

Saman om festivalmoro: Ellen Kvalsund (f.v.), banksjef for personmarknaden ved Sparebanken Møre si avdeling i Ulsteinvik – og Lillian Kleven Breivik, regionbanksjef ved Ulstein-avdelinga til Sparebank 1 Søre Sunnmøre – er glade for at begge bankane støttar Heimebanefest og Trebaatfestivalen i år. Arrangør Line Urke (t.h.) er svært god nøgd med å ha begge lokalbankane med på laget. Banksjefane hadde også på seg kvar sin nylaga festivalgenser for anledninga. 

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet/Vestposten

Av Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet/Vestposten

Link til originalartikkel her:

– Betyr utruleg mykje

Det er svært sjeldan kost at både Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre støttar det same arrangementet – men det er altså tilfelle når det gjeld begge dei to festivalane i Ulsteinvik i august.

Medan Sparebanken Møre blir hovudsponsor for festivalen som blir arrangert for første gong i år, Heimebanefest (13. – 18. august), held Sparebank 1 Søre Sunnmøre fram som hovudsponsor for den tradisjonsrike Trebaatfestivalen (19. – 22. august). Men, begge bankane sponsar altså begge festivalane.

“Det betyr så utruleg mykje for oss at begge lokalbankane er med på laget – og at dei gir oss fantastisk god støtte. Vi er veldig stolte og glade for at vi har fått til dette samarbeidet – for utan bankane hadde det ikkje vore mogleg for oss å arrangere verken den eine eller den andre av dei to festivalane”

Festivalsjef Line Urke.

Veldig positivt

Ho, Ellen Kvalsund og Lillian Kleven Breivik – høvesvis banksjef for personmarknaden ved Ulsteinvik-avdelinga til Sparebanken Møre og regionbanksjef ved Ulstein-avdelinga til Sparebank 1 Søre Sunnmøre – meiner at godt samarbeid mellom lokale aktørar – spesielt i ei så utfordrande tid – er svært viktig.

– Koronapandemien og ei generelt sett utfordrande tid for regionen gjer at næringslivet no er desto meir avhengige av lokalbankane. Når vi som lokalbankar kan samarbeide og få til noko i lag – så er det veldig positivt, seier Lillian Kleven Breivik.

– Det er veldig kjekt at vi kan gå saman og bidra til at det skjer noko kjekt i Ulsteinvik – som igjen gagnar ein heil region. Her lukkast arrangørane med å hente store, nasjonale artistar til vesle Ulsteinvik – og vi vil bidra til at folk kan få sjå, høyre og oppleve desse i august, seier Ellen Kvalsund.

Det er frå før kjent at Tix, Maria Mena, Chris Holsten og Hellbillies kjem til Ulsteinvik.

– Skal samlast og ha det kjekt

Line Urke meiner årets to festivalar blir ekstra viktige, med tanke på fellesskapskjensla i regionen og det sosiale.

– Vi føler sjølv vi har på gang eit godt program – der det skal vere noko å finne for dei fleste. Vi skal ut, samlast – og ha det kjekt. Så får vi forhåpentlegvis ein haust som blir noko anna enn hausten 2020 – med eit meir gjenopna samfunn, seier Urke.

Treng fleire frivillige

Som fortel at det også er mykje arbeid som blir lagt ned i høve smittevern.

Høgst truleg blir det laga til kohortar på 500 personar i kvar – og lagt opp til hurtigtesting av folk som skal inn på arrangementa – som ikkje har vaksinepass. Men akkurat korleis dette opplegget blir, er ikkje hundre prosent klart.

Eventuell hurtigtesting vil eventuelt skje i samarbeid med helsemyndigheitene.

– Så treng ein fleire frivillige, for å arrangere desse flotte festivalane. Bli med, du også, er oppfordringa frå trioen til slutt.

Les meir her:

https://www.vikebladet.no/nyhende/2021/06/19/%E2%80%93-Betyr-utruleg-mykje-24147725.ece

Previous
Previous

Gratis korona-test på TIX-konsert

Next
Next

TIX til Ulsteinvik