Hagle og Crashville laurdag 2.juli!

– Dette blir spinnvilt!

Stort biltreff på dagtid (kl. 10 - 16).

Laurdag 2. juli inviterar Heimebanefest til eit biltreff heilt utanom det vanlege i Ulsteinvik. Ein heil dag med utstilling, konkurransar og aktivitetar vert avslutta med dei populære banda Hagle og Crashville på scena.

– Eg trur dette er blir heilt spinnvilt, seier festivalsjef for Heimebanefest Line Urke.

Line står på tærne og småtrippar medan ho gjer forsøk på å forklare kor vilt dette egentlig blir.

– Biltreffet er ope for alle katagoriar bilar; alt frå rånerar, amcars og veteranbilar, til det som kan se ut til vanlege bilar men som har betalt nesten like mykje for bilstereoanlegget sitt. Dei eller fleste er blankpolerte og pynta til fest når dei kjem, og det blir konkurransar mellom anna for beste/høgast lyd på bilstereoen, fortel Line – og er snar til å legge til:

– Alt dette toppar vi med vi kallar Cars & Consert; country-rap bandet Hagle går på scena for å underhalde på kvelden. Det same gjer Crashville frå Ørsta, som vil lage ordentlig bygdefest på Heimebane i Ulsteinvik.

No kan du kjøpe billett til Cars & Consert. Kjøp billettt her.

HAGLE

Country-rap bandet Hagle kjem rullande rett ut av ein gammal bondegård i Indre Østfold. Soundet deira blandar 808-trommer og banjo, med tekstar inspirert av lokal rånekultur.

Hagle er bestående av Andre Jensen og Olav Tokerud. Karakteristisk for deres låter er deres bruk av dialekt og beskrivelsen av livet på et lite tettsted. Duoen slapp sin første singel, «Traktor», 25. september 2020. Hagle ble lagt merke til og låtene deres fikk milioner av avspillinger på Spotify. 

De ble nominert i tre klasser foran Spellemannsprisen 2021; klassene festmusikk for samlet låtproduksjon, årets låt for «Ærmen i kærmen» og årets gjennombrudd med Gramostipend. Dette er musikk for deg med tribal-tatovering som røykar rullings.

Hagle spelar for fulle hus over heile landet og skapar garantert stor stemning. No kjem til sin stad nær deg, til Heimebanefest i Ulsteinvik.

CRASHVILLE

Det heile starta på ein flåtefest på Vatnevatnet i Åmdalen ein varm sommardag, med gitarspel og allsong.

Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane. Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.

Sommaren 2021 slapp bandet singelen «PØBEL», med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane sitt mekka.

Låta og musikkvideoen fekk massiv oppmerksomheit blant alle som lika bygdemusikk, og rånerane trykte songen til sitt hjerte. 

Når Crashville er ute på veien, er det «Pøblar på tur». No kjem dei til Heimebanefest i Ulsteinvik.

Previous
Previous

Ungdomsbillett til redusert pris!

Next
Next

Desse kjem til Heimebanefest 2022