Ungdomsbillett til redusert pris!

 

No kan alle i alderen 15-18 få oppleve Astrid S, Chris Holsten, Mariann Rosa, Hagle og Crashville til redusert pris Heimebanefest!


Heimebanefest opnar døra for ungdom under 18 år, og gir dei ei konsertoppleving dei aldri før har fått i Ulsteinvik.

-Vi samarbeider med Møre og Romsdal Fylkeskommune, som er med på laget, og betaler ein del av billetten til dei som er i alderen 15-18 år. Derfor kan vi gi dei 25 % rabatt på ordinære priser. Men ikkje berre det. Vi legg også ut eit lite tal billettar til early bird-pris, noko som gjer at dei første som kjøper kan få billetten til nesten halv pris, fortel festivalsjef Line Urke.

For å kjøpe billett, klikker du deg inn på billettsida, trykker på den laurdagen du ønsker å kjøpe billett til, og velger ungdomsbillett.

Eit einstemmig kommunestyre i Ulstein ga Heimebanefest skjenkebevilling og ei aldersgrense på 15 år, med føresetnad om at dei under 18 år må ha eigen inngang til eit eige område med sanitæranlegg og kiosk, utan tilgang til kjøp av alkohol.

-Dette er på plass og vi er veldig stolte over at vi har fått godkjent planane, slik at vi kan gi dette tilbodet og inkludere denne aldersgruppa når stjernene går på scena, seier Line Urke.

Ungdomsbillettane vert selt til konsertane med Astrid S og Chris Holsten laurdag 25. juni, og med Hagle og Crashville laurdag 2. juli.

Billettsalet opnar fredag 8. april klokka 10.00.

Previous
Previous

NSB klare for avgang

Next
Next

Hagle og Crashville laurdag 2.juli!