Strikka sitjeunderlag til Heimebanefest

Ho er frå før kjend lokalt som både «Klippekari» og «Kaffikari». No lanserer Kari Janne «Strikkekari» Andersen eit strikka sitjeunderlag spesiallaga til Heimebanefest – i samarbeid med Ulstein Garn og Broderi AS.

 

Tekst og foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet/Vestposten

 

– Det er jo litt artig å tenkje på at ideen til dette kom til meg under Heimebanefest i fjor. Det blei lenge i gongen å sitje på trebenkane på konsertområdet, og eg kunne gjerne tenkt meg noko mjukare å sitje på. Eg hadde alt teikna på ein design då eg slo på tråden til festivalarrangør Line Urke for å spørje om eg kunne få dei ulike fargane dei nytta til logoen sin, seier Kari Janne Andersen til Vikebladet Vestposten.

Ho fekk faktisk vite nøyaktig kva for fargar Therese Myrene Aurvåg i Tegneren AS hadde nytta, til i alt seks ulike fargevariantar av logoen ho hadde laga til Heimebanefest. Med garn frå Ulstein Garn og Broderi AS, ein av sponsorane til Heimebanefest, sette ho i gang.

– Eg laga ferdig mønsteret og strikka nokre eksemplar, som så har blitt tova. Det blei veldig bra, om eg får seie det sjølv, seier Kari Janne smilande.

 

Sel garnpakkar med oppskrift

Ulstein Garn og Broderi AS vil i tida framover selje garnpakkar i dei ulike fargekombinasjonane til Heimebanefest – inkludert oppskrifta Kari Janne har laga.

– Ein del av inntektene frå salet går til Heimebanefest. Noko av det går naturlegvis til inntekt for Ulstein Garn og Broderi, som er ein god og tradisjonsrik lokal butikk – men det går altså også til ein flott, lokal festival, seier Kari Janne.

– Vi set stor pris på å få vere med på ein så god idé, seier dagleg leiar og drivar av Ulstein Garn og Broderi AS, Oddveig Kjellevold Remøy.

– Ein fryd å sitje på

Festivalarrangør Line Urke rosar initiativet til Kari Janne Andersen og samarbeidet mellom ho og Ulstein Garn og Broderi AS.

– Dette meiner vi i «Heimebanefest» er ein knallbra idé. Det blir ein fryd å sitje på desse under dei ulike festivalarrangementa, seier Urke.

Previous
Previous

Dato for 2023 er satt!

Next
Next

NSB klare for avgang