NSB klare for avgang

Blant stjerner, prisvinnarar og nasjonale skattar som skal på scena under Heimebanefest i Ulsteinvik, kjem ei lokal samling stayerar som framleis går på skinner og glitrar når det trengs. Dei kallar seg NSB og kjem frå heile Søre Sunnmøre.

 

Fleire av dei har herja på lokale forsamlingshus og scener heilt sidan 70-talet, har vore ein del av besetninga i fleire av dei mest populære banda opp gjennom tida dei siste 40 åra, og har no samla seg i NSB, som er ei forkorting for New Session Band.

-Vi kunne ikkje seie nei då vi fekk førespurnad om å spele på Heimebanefest i Ulsteinvik i juni. Og slett ikkje då vi fekk vite at vi skal stå på scena same kveld som Chris Holsten og Astrid S, fortel Mette Longva – busett på Hareid, men med opphav frå Gursken.

NSB er det einaste lokale bandet som får plass blant stjernene som skal opptre saman på utescena med stjernerekka bestående av DiDerre, Silya, Bernhoft, Chris Holsten og Astrid S fredag 24. og laurdag 25. juni ved Vikholmen.

Det er Mette Longva som har hatt hovedjobben med å samla saman nokre av dei mest rutinerte og kvalifiserte lokale musikarane til årets musikale høgdepunkt.

-Det var ikkje vanskeleg å finne dei rette blant dei beste, men vi måtte gå ei runde for å få det til å passe tidsmessig for alle. Vi er amatører, og amatører har som regel ein annan jobb å passe. Difor er det ikkje berre berre å booke tid – det skal gå i hop. Så eg er veldig glad for at vi kunne takke ja til oppdraget, sier Mette Longva.

Dette er medlemma av NSB som skal varme opp for Chris Holsten og Astrid S laurdag 25. juni:

Mette Longva, Hareid (vokal)

Ho har vokalbakgrunn ifrå kormiljøet og var i ei årrekke med i Brandalskoret på Hareid, tidligere vokalist i Oldplay og kor /vokal i Dusty Track (nyare utgåve). Det vart også fleire oppdrag med duoen M&R fram til 2018. Ho har og vore gjestevokalist i ymse prosjekt dei seinare åra, med blant anna 2. Dagsbandet, Ulstein Storband og Heimebandet som spelte på Trebaatfestivalen i 2018. Ho held no på å pusse stemmebanda igjen til Heimebanefest 2022.

Ragnar Øvrebøe, Ulsteinvik (bass, kor)

Starta bassist-karriera i bandet Josie frå Ørsta i 1981, så gjekk turen tilbake til Ulsteinvik, og starta bandet Charlie i 1985, var med der fram til nyttår 1994. Var etter det innom forskjellige konstellasjonar der ein trengte ein bassist. I 2007 starta eg i Hytt & Pine band, og spelte med dei fram til 2019. Inn imellom der var han med Scottys Dreamteam der høgdepunktet var å spele på Cupfinalefesten til Hødd hausten 2012. Er i tillegg fast bassist i Love Experience. Spelar også i Lovsangs band i Filadelfia Ulsteinvik. Glimtar til i NSB!

Rune Ertesvåg, Ulsteinvik (gitar)

Har spelt i ei rekke band fra 70-talet og held framleis på. Det kan nevnast Dusty Track, Alice, Scottys Dreamteam, Uberjam, Jazz&Koral, Heimebandet og Ulstein Storband.

Rune har vore innom mange konstellasjonar og mottok også Kulturprisen frå Ulstein Kommune i 2016 for sitt brennande musikk og kultur-engasjement i ei årrekke. I tillegg til at han no spelar i NSB, blir det i år også reunion med Alice, for første gong på mange 10-år.

 

Trond «Scotty» Skotheim, Ulsteinvik (trommer)

Han har også lang fartstid innen ymse band. Hovedsakelig aktiv mellom 1971 og 1984, og i nyare tid sporadisk aktiv. Leita fram trommestikkene igjen når Covid-19 kom til landet.

Har tidligere spelt med Dusty Track, Ruben, Torbergs, Jude, Remember When og sessionbandet Scottys Dreamteam der over 30 forskjellige musikere har vore delaktige gjennom tidene.

Han har også komponert Høddhymna innspilt av Scottys Dreamteam i 2012, der dei i tillegg deltok med bandet på Cupfinalefesten på Youngstorget i 2012.

 

Tommy Johan Røyseth, Hareid (gitar, kor)

Vore aktiv gitarist i mange år som trubadur og solo-artist, samt vore delaktig i fleire band som til dømes Jacked Up, Band Over og Hibbel. Er ein av initiativtakerane i Langerysta Sommarfestival og er ein av Noregs mest kjente lydmenn og som ofte er ute og turnerer med kjente artistar.  Han har også gitt ut fleire singlar og turnert i USA med bandet Jacked Up.

 

Tor Frantsen, Fosnavåg (tangenter, kor)

Begynte i "Love Experience" Herøy, i 1969. Har spelt med bandet i fleire periodar heilt fram til dags dato. Var og med og starta "Comedy" Ålesund, fra 1972 og var med der i eit par perioder fram til 2006. Så kan det nevnast "X-Rays" fra Langevåg og Scottys Dreamteam. I tillegg til diverse duo og solo-jobber frå slutten av 1970-tallet og fram til rundt 2000, har Tor vore med som pianist og bassist i ymse revy og kor-oppsetninger.

Previous
Previous

Strikka sitjeunderlag til Heimebanefest

Next
Next

Ungdomsbillett til redusert pris!